page view image

Båten - ei forteljeframsyning

Arrangementsinformasjon
event image

«Båten» er ei personleg og fargerik forteljing om draumar og tap. Kjetil Stavenes fortel om Søgne, og om dei einaste i heile verda som ikkje hadde båt. Han og faren hans. Dei som vart draumarar. Så vert far hans døyande og kan stille heilt urimelege krav. Då kjem den fyrste båten inn i bilete. Brått vert dei draumarar Med båt.
Framsyninga har tidlegare hatt framsyningar under Teaterfestivalen i Fjaler og på Fortellerfestivalen, med svært gode attendemeldingar.
Kjetil Solberg Stavenes er scenekunstnar, poet og historieforteljar ved Den Mangfaldige Scene. Forteljarstilen hans er open og leiken.

På Jensbua Kystkultursenter sundag 14.8 kl 1630