page view image

Sommarsalong: Frå munnleg historie til forteljekunst

Arrangementsinformasjon
event image

Vi er alle førstehands kjelder til den tida og den kulturen vi lever i, og dei personlege historiene våre er bitar av store forteljingar.

Gjennom dei siste dagane i tunet har fleire personar arbeidd med å skape forteljekunst direkte knytt til levd liv. Årets siste sommarsalong skal handle om prosessen og vise resultatet.

Kjellaug Hatløy Bjergene er primærkjelde for forteljingane. Omarbeiding, regi og framføring er ved Bjørn Enes. 

Programmet er ein del av Fest i Fjaler.